It is currently Thu 19 Oct 2017 23:45



All times are UTC + 1 hour [ DST ]




Forum locked This topic is locked, you cannot edit posts or make further replies.  [ 359 posts ]  Go to page Previous  1 ... 19, 20, 21, 22, 23, 24  Next
Author Message
 Post subject: Re: Scuderia Toten
PostPosted: Sat 10 Mar 2012 15:05 
Offline
User avatar

Joined: Tue 20 Feb 2007 10:15
Posts: 634
Location: Skreia
Joda roadtrip med 3P er morro det. Min har snart 400 000 km på telleren, så den har vært vide omkring den også, men det får vi ta ved en annen anledning.

Våren har besøkt Toten i dag, så da måtte Frk. G låne bort garasjen til far i huset.
,
Oljeklumpen som er årets corsa motor har fått litt behandling med passende renseveske og oppvaskkost, resultatet ble overraskende bra:

Image

Image

Grenrøret gikk greit under bånnpanna også, men hvor skal den festekroken hen? Gearkassa? Er det noe lurt?

Image

Da er vi i gang.

_________________
Image

-54 BSA B33 / -77 FIAT 127 Special, Edizione Abarth / -77 FIAT 128 3P / -81 Camp-Let GT / -94 FIAT Punto " Viper" Edizione Corsa / -11 FIAT Grande Punto / -13! Alfa Romeo 159 SW TI


Top
 Profile  
 
 Post subject: Re: Scuderia Toten
PostPosted: Sat 10 Mar 2012 15:21 
Offline
User avatar

Joined: Mon 26 Jun 2006 18:42
Posts: 6424
Location: La fumare
Tøft!

Motoren ser jo ny ut!! Hva brukte du som rensemiddel?

_________________
En ekte bilentusiast har til enhver tid minst en Fiat!

- 67 Fiat 850 Coupe
- 67 Fiat 850 Spider
- 76 Lancia Beta Montecarlo Spider
- 79 Yamaha RD400 Daytona X 2
- 83 Fiat Panda 45
- 08 Citroen C5 Tourer


Top
 Profile  
 
 Post subject: Re: Scuderia Toten
PostPosted: Sat 10 Mar 2012 18:15 
Offline
User avatar

Joined: Tue 20 Feb 2007 10:15
Posts: 634
Location: Skreia
Den er jo nesten bare innkjørt, selv om den har noen år på nakken.

Brukte god gammeldags kvitsprit :mrgreen:

_________________
Image

-54 BSA B33 / -77 FIAT 127 Special, Edizione Abarth / -77 FIAT 128 3P / -81 Camp-Let GT / -94 FIAT Punto " Viper" Edizione Corsa / -11 FIAT Grande Punto / -13! Alfa Romeo 159 SW TI


Top
 Profile  
 
 Post subject: Re: Scuderia Toten
PostPosted: Tue 17 Apr 2012 22:02 
Offline
User avatar

Joined: Tue 20 Feb 2007 10:15
Posts: 634
Location: Skreia
En kjær gammel venn er vekket til live! Verksmesteren har fullført maratonprosjektet og nypresset vognkort er kvittert ut hos det lokale biltilsyn. Da må man selvsagt passe på å få booket kundemøter i nærleiken så de første meter med asfalt under hjula på 21 år kan gjennomføres.

Til min store glede gikk den første turen bra, det er fortsatt noen småting som må sorteres ut. Det kan virke som Weberen ikke har hatt så veldig godt av å ligge å samle støv i 21 år, det henger, fjerter og fiser ved tungt pådrag, men får en lurt den gjennom turtallsregistert til den andre halsen åpner, så er min gamle venn tilbake i fulle drag. :mrgreen: En litt mer nøyaktig tenningsjustering kan også være på sin plass.. :wink:

Fikk unnagjort ett par mil i kveld og gamle minner strømmet på, en litt nostalgisk roadtrip på gamle tomter med min ungdoms bil. Til alt overmål dukket en annen skjelden fugl også opp: (beklager dårlig bildekvalitet)

Image

Image

En rotekte Turbo Croma levert originalt med fullt Hörmannkit. Dette var demobil hos forhandleren "verksmesteren" var ansatt hos, og som jeg avfettet som nybil da den kom til landet.

Noen som lurer på om jeg har kost meg i kveld ? :mrgreen:

Arve V

_________________
Image

-54 BSA B33 / -77 FIAT 127 Special, Edizione Abarth / -77 FIAT 128 3P / -81 Camp-Let GT / -94 FIAT Punto " Viper" Edizione Corsa / -11 FIAT Grande Punto / -13! Alfa Romeo 159 SW TI


Last edited by Arve V on Tue 17 Apr 2012 22:35, edited 1 time in total.

Top
 Profile  
 
 Post subject: Re: Scuderia Toten
PostPosted: Tue 17 Apr 2012 22:22 
Offline
User avatar

Joined: Tue 08 Aug 2006 17:13
Posts: 3815
Location: Palazzo Baroni 
Det er vel ingen tvil om at du har kost deg i kveld! Gratulerer med herlig liten Fiat på veien igjen!

_________________
Ta til fornuften, svev i luften! NGR


Top
 Profile  
 
 Post subject: Re: Scuderia Toten
PostPosted: Tue 17 Apr 2012 22:33 
Offline
User avatar

Joined: Sun 06 May 2007 18:55
Posts: 643
Location: Engelsviken
Stas! Gratulerer med å ha bilen på veien igjen. :D Morro å møte på en artsfrende.

Croma Turbo, ikke Thema.

_________________
Trau keinem ohne Uno!


Top
 Profile  
 
 Post subject: Re: Scuderia Toten
PostPosted: Tue 17 Apr 2012 22:36 
Offline
User avatar

Joined: Tue 20 Feb 2007 10:15
Posts: 634
Location: Skreia
Lucky wrote:
Croma Turbo, ikke Thema.


HYSSSJ :oops: Trykkleif rettet nå...er litt yr ennå så jeg får bare beklage at det gikk litt fort i svingene :wink:

_________________
Image

-54 BSA B33 / -77 FIAT 127 Special, Edizione Abarth / -77 FIAT 128 3P / -81 Camp-Let GT / -94 FIAT Punto " Viper" Edizione Corsa / -11 FIAT Grande Punto / -13! Alfa Romeo 159 SW TI


Top
 Profile  
 
 Post subject: Re: Scuderia Toten
PostPosted: Tue 17 Apr 2012 23:10 
Offline

Joined: Mon 26 Jun 2006 18:06
Posts: 6001
Location: Østenfor sol og vestenfor måne
Konge, Arve! De er en heldig Fiat-mann! :)


Top
 Profile  
 
 Post subject: Re: Scuderia Toten
PostPosted: Wed 18 Apr 2012 15:29 
Offline
User avatar

Joined: Fri 18 Aug 2006 08:36
Posts: 1214
Location: Øya
Gratulerer med skilt og ein ny 3P-vår Arve!
Eg var så heldig å treffe både bil og eigar i påska og kan stadfeste at verksmeisteren har gjort ein god jobb.

_________________
wie ein geölter Blitz..


Top
 Profile  
 
 Post subject: Re: Scuderia Toten
PostPosted: Wed 09 May 2012 15:17 
Offline
User avatar

Joined: Tue 20 Feb 2007 10:15
Posts: 634
Location: Skreia
Kanskje me skal ta ein ny bolk i framhaldssoga "Arve gjer ting han ikkje kan", denne gongen utvida til "Arve gjer ting han SLETTES ikkje kan"

Det heile starta med Juniors famøse rivstart på Rudskogen ein fin haustdag i fjor. Det er vel einaste gongen i historia at ein 54 hestar sterk FIAT Punto har lagt att 15 meter med lakrisreimar på asfalten. Slike påkjenningar gjer ikkje godt for ein gamal stakkar og det gjekk ikkje meir enn eit par runder så takka klutsjen for samarbeidet og kasta handduken inn i ringen. At poden gjorde manns arbeid med klutsjen viser biletet under:
Image

Bakerst i eit hjørne av vognskjulet har det i lengre tid stått ein litt større versjon av kraftpakka Punto'en var sett opp med frå ingeniørane i Italia. Då den kom til gards såg det slik ut:
Image

Ikkje særleg innbydande og gå på denne klumpen i finstasen. Men ein omgang med oppvaskbørste, tannkost og whitesprit gjer underverk.
Image

Med eit slikt utgangspunkt er det mykje meir morosamt å finne fram fastnøklar, pipesett og skrujarn. No skal det seiast at Fiat sine FIRE motorar er kjekke å skru på. Sidan dei er urøyvd av menneskjehender under produksjonen, så er det beint fram å skru på dei. Har ei maskin greidd å sette dei saman så må vel ein sjølvlærd røvar greie det?
Den "nye" motoren har nok levd eit godt og skjerma liv, utan dei heilt store utfordringane. Når den var på plass i stativet, og toppen var teken av såg det slik ut:
Image

Eg kan ikkje sjå føre meg at denne har vore nær turtalssperra i sitt tidlegare liv. Ein so gjensota og gjengrodd motor har eg ikkje sett tidlegare. Noko som også vart bekrefta når trykkplata vart demontert, den var heilt blå! Tenkjer det er tante Olga på 75 år som har putra rundt i Tromsø gatene og brukt klutsjen som fatsregulator.

Motoren vart plukka ned i sine enkelte bestanddelar, topploket vart levert til ein lokal helt med remediar for planing av topp, med strenge formaningar om å ta godt i! Med boka til Haynes på fanget, nye pakningar i alle versjonar og variantar fikk eg til slutt sett saman galskapen og det var klart for neste operasjon.

Ut med den gamle motoren og inn med den nye. Det burde då være ein enkel operasjon? I prinsippet er det fire ledningar, to bensinslangar, tre skruar og to drivakslingar som skal løysast. Og andre vegen attende for å få inn den nye. DET kan ikkje være store arbeidet? Med det på minnet ordna eg meg fri dei tre dagane i påskeveka og skreid til arbeidet. Vel ein lærer så lenge ein lever! Skjærtorsdag såg det fortsatt slik ut i fram enden av bilen:
Image

Og då var det tid for ein tur til vestlandet og skruing på 3P. Det gjeld og ha arbeid tilgjengelig dit ein reiser :D

Andre påskedag var eg attende i vognskjulet og den nye motoren vart rigga til med ny racing klutsj, startmotor, gearkasse og ny tannreim. Men då eg kom til dynamoen kom det føre meg at den nye motoren kom frå ein nyare bil med servostyring. Reimhjulet til dynamoen passa ikkje over eins med noko som helst. Enten vart følaren til kamakslingen på feil plass, eller so vart dynamoen på feil plass. Løysinga var å bytte om på braketten som held følaren til kamakslingen. Men då måtte tannreim, gearkasse, startmotor, og botnpanne av endå ein gong. Det vart tidleg kveld den dagen. Dette er delane som må byte plass:
Image

Bakdelen med å ha eit arbeid, er at ein faktisk må arbeide også. Det gjekk nesten tre veker før eg fekk kvalitetstid i vognskjulet igjen, men etter nokre intensive timar såg det slik ut fram enden av bilen:
Image

Då var det berre målsida igjen før målstreken kunne passerast og laurbærkransen delast ut. Det skulle vise seg å bli eit kronglete oppløp. Den nye motoren er 2 cm høgre enn den gamle, alle slangar og tilkoplingar på innsuget sit på andre plassar enn på den gamle. Så alt av slangar og tilkoplingar måtte modifiserast og tilpassast. I tillegg lid eg av sterkt framskreden senilitet, så det var ikkje alt eg hugsa kvar skulle være... Attåt det er Punto 55 frå fødselen utstyrt med SPI innsrøyting. Punto 75 har MPI frå fødselen. Altså er det ulike motorstyringar og då også ulike kabelutlegg. Eg grunna mykje på om dette ville verte ei utfordring, men etter å ha lese koblings skjema med lupe og konferert med ekspertar tok eg sjangsen og berre kopla den nye motorstyringa rett på det gamle kabelutlegget. :shock:

Så forrige helg som var tok eg mot til meg, fikk kopla ferdig ledningar og røyr, fylt på olje og vatn så det var klart for prøvestart. Ville det gå? eller ville det gå til skogen?
Vel den starta på første forsøk, men den gikk ikkje særleg bra, rett opp på 3000 omdreiningar og veldig uryddig gange. Så nok ein gong vart det tidleg kveld og studie av boka hans Haynes. Nok ein gong var det minnet som spelte meg eit puss. Det mangla ein vakumslange mellom innsug og bremsekraftforsterkaren. Med den på plass kan eg no seie at transplantasjonen har vore vellukka so langt. I dag er det årskontroll av bilen og går det i orden er vi på plass i Sverige 20. mai.

Her er den i årets drakt, med årets sponsorar klistra utover:
Image

Det gjekk bra denne gongen også :mrgreen:

_________________
Image

-54 BSA B33 / -77 FIAT 127 Special, Edizione Abarth / -77 FIAT 128 3P / -81 Camp-Let GT / -94 FIAT Punto " Viper" Edizione Corsa / -11 FIAT Grande Punto / -13! Alfa Romeo 159 SW TI


Top
 Profile  
 
 Post subject: Re: Scuderia Toten
PostPosted: Wed 09 May 2012 15:53 
Offline
User avatar

Joined: Tue 08 Aug 2006 17:13
Posts: 3815
Location: Palazzo Baroni 
Se her var det jo fremgang å spore.. Godt jobbet.. Men har du fått på gateslicks? ;)

_________________
Ta til fornuften, svev i luften! NGR


Top
 Profile  
 
 Post subject: Re: Scuderia Toten
PostPosted: Wed 09 May 2012 19:25 
Offline

Joined: Sat 15 Sep 2007 19:07
Posts: 903
Location: Suløen, m&r
Den ser utruleg rask ut no! :mrgreen:

_________________
-Kastanienrot -82 BMW 520i E28, -Sølv01 Fiat Multipla 1.9jtd elx ,-svart 09 SAAB 9-3 tid Vector Sport Combi med retometerfordeler ;-),
09 Bianchi Oetzi 9700 mtb..,07 LeMond ,


Top
 Profile  
 
 Post subject: Re: Scuderia Toten
PostPosted: Wed 09 May 2012 22:16 
Offline
User avatar

Joined: Tue 20 Feb 2007 10:15
Posts: 634
Location: Skreia
Skogens Baron wrote:
Se her var det jo fremgang å spore.. Godt jobbet.. Men har du fått på gateslicks? ;)


Litt flaks skal ein ha, det ville seg slik i dag at R-dekka låg i ei garasje på Jessheim, nett den same garasja som års
kontrollen vart utførd ved. Så nei, den har ikkje sliks på siste biletet, men dei er nok på når den har svensk asfalt under hjula.

chiti wrote:
Den ser utruleg rask ut no! :mrgreen:


Den har vorte grovare i målet, og verkar litt småsint rundt postkasse stativet, men skinnet kan bedra. Me fe sjå etter neste helg....

_________________
Image

-54 BSA B33 / -77 FIAT 127 Special, Edizione Abarth / -77 FIAT 128 3P / -81 Camp-Let GT / -94 FIAT Punto " Viper" Edizione Corsa / -11 FIAT Grande Punto / -13! Alfa Romeo 159 SW TI


Top
 Profile  
 
 Post subject: Re: Scuderia Toten
PostPosted: Thu 24 May 2012 15:04 
Offline
User avatar

Joined: Tue 20 Feb 2007 10:15
Posts: 634
Location: Skreia
Ja, det er vel ein eller to som ventar på resultatet etter helgas øving på bane?

Me kan no starte med det positive, så ventar me med det som hevar blodtrykket til slutt.... :roll:

Den nye motoren innfridde alle forventningar og vel så det. Det var rett artigt å bevege seg rundt bana, og attpåtil få prøve seg på forbikøyringar, ikkje berre verte forbi- og fråkøyrd. Fjorårets rundingsbøye, var ikkje lenger det, rundingsbøye altså. Og med nye dekk, gateslicks må vite, låg den som ei nysmurd svele (ta ferge på vestlandet og bestill svele i kafèen om du ikkje veit kva svele er) på bana. Det vart endå meir tydeleg at fjøyrene er alt for mjuke, for no gikk det nok for fort til at dei greidde å henge med. Så innan det er gjort noko med hjulopphenget er nok årets oppnavn "krengekua"

Underteikna fekk med seg første treningspass, jr. fekk med seg andre treningspass og var skikkelig varm i trøya når kvalifiseringa starta. Han ga jernet og satte ei tid som ville gitt oss ein god plass på startplata i første løp.

MEN, som sagt fleire gongar i denne tråden, "Arve gjer ting han ikke kan" og det gjekk som det ikkje skulle gå. I iveren etter å få bilen ferdig vart eit viktig moment gløymd/utelete. Locktite på vitale skruar har eg no lært er viktig, særs viktig! Eg kan ikkje få understreka nok kor viktig det er! HØYRER DE??!! DET ER VIKTIG MED LOCKTITE PÅ BOLTEN TIL NEDRE REIMHJUL!!!

For å gjere historia kort, nedre reimhjul losna, veiv og stempel levde sitt liv og toppen eit heilt anna. Det let ille når me prøvde og få liv i den igjen med hjelp frå hjelpsame corsapilotar. Det var sluttkøyrd!!

Med ein topp som er høvla 0,8mm er eg ikkje brått sikker på om dette har gått bra, men eg håpar på flaksen og at eg berre kan sette på nytt reimhjul med LOCKTITE på bolten, time oppatt og køyre vidare. Men med den uflaksen me har hatt i det siste luktar det ny motor lang veg... Eg har ikkje åpna opp spetaklet enno, så de får fylgje med i framhaldssoga for å få vite korleis dette går.

Ein ting er i alle fall sikkert: - ME GIR OSS *piiip* IKKJE!!!

Velkomen attende!

Arve V

_________________
Image

-54 BSA B33 / -77 FIAT 127 Special, Edizione Abarth / -77 FIAT 128 3P / -81 Camp-Let GT / -94 FIAT Punto " Viper" Edizione Corsa / -11 FIAT Grande Punto / -13! Alfa Romeo 159 SW TI


Top
 Profile  
 
 Post subject: Re: Scuderia Toten
PostPosted: Fri 25 May 2012 07:15 
Offline
User avatar

Joined: Fri 26 Jan 2007 00:58
Posts: 2634
Location: Hedalen
Alle ære til Scuderia Toten for å stå for å holde bilen i gang.
En racerbil på banen er bedre enn 10 i garasjen.
Håper vi snart kan gi deg selskap på banen.

_________________
En ekte bilentusiast hater stasjonsvogner, skiboks og hengerfeste og firedørs biler på GT treff.

Lancia Beta, Thema, Kappa, Gamma. Maserati Merak. Alfa Romeo 159, 164, 166.


Top
 Profile  
 
Display posts from previous:  Sort by  
Forum locked This topic is locked, you cannot edit posts or make further replies.  [ 359 posts ]  Go to page Previous  1 ... 19, 20, 21, 22, 23, 24  Next

All times are UTC + 1 hour [ DST ]


Who is online

Users browsing this forum: No registered users and 2 guests


You cannot post new topics in this forum
You cannot reply to topics in this forum
You cannot edit your posts in this forum
You cannot delete your posts in this forum
You cannot post attachments in this forum

Search for:
Jump to:  
cron
Powered by phpBB® Forum Software © phpBB Group